Kystsogevekene 2014 i vest

Laurdag 9. august går startskotet for Kystsogevekene 2014, og denne gongen er det Øygarden som er vertskapskommune for opningsarrangementet. Den offisielle opninga markerer starten på fem veker med kystkultur i fokus, i 22 kommunar på Vestlandet. Kystkulturen er sjølvsagt viktig i området vest for Bergen også, både i Øygarden, Fjell, Sund og Askøy er det ei rekkje arrangement. Nokre er årlege, kjente og kjære arrangement, og andre er nye og set fokus på kystkulturen på nye måter.

Nykommarar i år er Uverfestivalen i Øygarden som vert første helga i september. Elles vert det på nytt Havfestival i Storesund i Fjell og sjølvsagt Periferifestival i Sund. Ellers vert det både marknadsdagar, kystdagar, familiedagar og bygdedagar.

Nytt i høve til det trykte programmet er Performancefestivalen Between Sea & Sky. Det er fjerde gongen det vert skipa til internasjonal performancefestival, Himmel og hav, og tre av dei har vore på Herdla, sist i 2011. I år er tittel Between Sea & sky, og tema er tema GIVEN PLACE. Festivalen er utendørs noko som betyr at kunstverka må opplevast i landskapet rundt fortet.

Her har du ei kort oversikt, og så finn du meir informasjon om du følger lenkene til dei enkelte kommunane.

Øygarden:  Kystdag med offisiell opning, Hellesøydag, Steinsvatnet rundt og Uverfestival. 

Fjell: Havfestival, Langøymarknad, Kom-deg-ut-dag, Tilbake til 1800-talet i Landrovågen, Tilbake til 1900-talet i Knarrevik og Tilbake til framtida på Ågotnes/CCB

Sund: Ulldagane, Periferifestival, Kyststemne i Trellevik med utdeling av Kleppevikpris

Askøy: Familiedag i Strusshamn, Aktivitetsdag på Herdla fort, Hanevikdag og Performancefestivalen Between Sea & Sky. 

 

Finn dine farvorittar og ta del i eit eller fleire av alle desse flotte Kystkulturarrangenta! 

 

 

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s