Kystsogevekene for 18. gong!

Det nærmar seg med stormskritt offisiell opning av Kystsogevekene 2014. Når startskotet går i Øygarden laurdag 9. august er det for 18. gong den store kystkulturmønstringa synleggjer kor stort engasjement vestlendingane har for kystkulturen og for heimplassane sine.

Kystsogevekene er verkeleg ein veteran, og fleire av dei einskilde arrangementa har vore med i mange år, nokre meir eller mindre frå starten av. Sjølv om mange er årvisse arrangement, legg likevel arrangørane seg i sela for å få til eit nytt og interessant arrangement kvart år. Det er nye kunstnarar som skal stille ut, nye artistar, nye selgarar, nye føredragshaldarar og nye aktivitetar. På kaiar, i naust, samfunnshus og kulturhus, i stiar i kulturlandskap og langs vegar og sjøen – her vert det arrangert konsertar, marknad, utstillingar, revyar, kulturvandringar, båtturar og aktivitetsdagar.

Av arrangørar er det frivillige lag og organisasjonar, kystlag, bygdelag, ungdomslag eller arbeidsgrupper som er sett saman for akkurat dette arrangementet. Det er også museum, kulturhus, galleri og kultureiningar i kommunane som står bak arrangementa. I det store og heile ei stor gruppe menneske som legg ned både mykje arbeid og fritid for å få i stand alle dei gode opplevingane som publikum kan få med seg.

I år vert det både Kanaldagar, Kystsogehelg i Bekkjarvik, og Kystsogedagar både i Meland, i Os, i Langevåg og i Buavåg. Det vert Langøymarknad, Brandasunddagar og Mjølsdalsdagar og Vervadagar.

Av festivalar er det både Periferifestival, Fitjarfestival og nykommaren Uverfestival i Øygarden, og den aktive Havsportveka. Av aktivitets- og familiedagar er det også i heile regionen, fra Kaidagar i Gulen, til Familiedag i Førde i Sveio i sør.

Forestillinga Ivar Medaas – Dar kjem dampen med Claus Sellevoll med fleire, har vore vist i Sogn – og Fjordane, og Den Nationale Scene, denne skal visast fleire stader i kystregionen i løpet av Kystsogevekene – både i Os, Meland, Bømlo, Tysnes og Fusa, før den skal settast opp i Bergen.

Vi er også glade for at det igjen vert sett opp Håkonarspel. Denne gongen er det igjen Kongen med Gullhjelmen som vert sett opp på Fitjar.

Kulturvandring vert det i fiskarbondens rike på Krossøy i Austrheim, båtturar vert det med DS Oster i fleire stader i Nordhordland, og MS Midthordland går i mellom anna kommunejubileumstur i Fusa.

A pro pos kommunejubileum, så er det mange kommunar som markerer dette i år, då svært mange er 50 år i år, dette visast i programmet både i opningskommunen Øygarden, i Radøy, i Fusa og på Osterøy.

Programmet spenner også over eit stor historisk spekter, frå Steinalderhelg i Radøy, via vikingmarknader på Lygra og Herdla, og middelalder Bergenhusdagene på Bergenhus festning, til Gamle dagar i Bogatunet, og industrieventyr på 1900-talet i Knarrevik til open dag på det høgteknologiske Coast Center Base (CCB) på Ågotnes.

Her er mellom 150 og 200 arrangement å velgje mellom. Vil du vite meir kan du ta ein kikk i programmet, på nettsidene finn du oversikt både i kalender og kommunevis. Om du vil bla i programheftet kan du gjere det også i nettversjonen

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s