Programmet for Kystsogevekene 2014 er klart

No er sistekorrektur ferdig og fila sendt til trykking, og vi ventar i spenning på å få det ferdige programheftet i hendene. 

På nettsidene kystsogevekene.no derimot er alt lagt ut og klart. Det er berre å ta ein kikk og merke seg datoar i kalenderen, og planlegg ettersommaren. Her er det som vanleg mykje å velge mellom, frå den offisielle opninga i Øygarden 9. august og like fram til 14. september.

På opningsdagen i Øygarden får vi Kystdag med liv og røre på den gamle kaien, og Vestgard på besøk. Utover vekene er det mange kaiar som får besøk av fjordabåtar og andre båtar, det vert liv og røre, utstillingar, konsertar, marknader og mange aktivitetar.

Det er gledeleg at det også i år vert Håkonarspel. I år er det igjen Kongen med gullhjelmen som vert sett opp i Fitjar.

Ta ein kikk i programmet og sjå det store mangfaldet, og ikkje minst unn deg tid til å delta på fleire av dei flotte arrangementa i alle dei 22 kommunane, frå Sveio i sør til Gulen i nord.

Programheftet 2014
Programheftet 2014
Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s