Kulturminnedagen i Os – Kvinneliv

Laurdag 14. september markerte Os Kulturminnedagen med tema Kvinneliv dei siste 100 åra, staden var Os folkebibiliotek.

På biblioteket var det også funne fram ei heil rekkje bøker som ser på ulike sider ved kvinneliv, om kvinner, med kvinner og for kvinner, om kvinner i kvardag, i kunst, i arbeidsliv, i politikk, i samfunnsliv og alle aspekt ved livet.

I tillegg fekk vi eit fyldig og interessant foredrag ved Elisabeth Aasen: 1814-1913, kvinners vei til stemmerett. Elisabeth Aasen er forfatter og statsstipendiat og har skrive ei rekkje biografiar om historiske kvinner, særlig føregongskvinner innan litteratur, kunst og vitenskap. Aasen har eit rikt forfatterskap bak seg og delte generøst av sin kunnskap, her var det mykje interessant å høyre om. Denne laurdagen tok ho føre seg kvinner sin veg til stemmerett, frå 1814-1913, med bakgrunn også frå opplysingstida. Her vart fleire kvinner trekt fram, mellom anna Camilla Collett og sett i sin kulturelle kontekst, og kva liv, forventningar, krav og plikter ho som kvinne hadde, og som prega hennar liv og forfattarskap. Også andre markante kvinneskikkelser var trekt fram.  Det var då særleg tatt utgongspunkt i dei fire kvinnene som vert rekna for dei fire store i Stemmerettsjubileet, Camilla Collett, Frederikke Marie Quam, Gina Krog og Fernanda Nissen.

Stortingsrepresentant Laila Marie Reiertsen: Kvinne på Stortinget i 2013 fortalte om å samhald og vilkår for kvinner på Stortinget i vår tid, ho var stortingsrepresentant i perioden 2009-2013.

Mange kvinner fann vegen til bilioteket denne laurdagføremiddagen, kor det også var musikkinnslag og kaffiservering. Ei triveleg og lærerik stund!

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s