Det kastes! 1 – 2 – 3!

Kong Harald fór vestetter langs med lande og hadde ein ovende stor her, og denne vetteren kalla dei muge-vetteren. Kong Harald kom til Bjørgvin joleftan og lagde seg med floten i Floruvaagar, daa han ikkje vilde slaast i joli, for helgi si skuld, men kong Magnus laga seg til i byen. Han lét reisa ei valslyngje ut-paa Holmen og lét gjera ei lense av jarnlekkjur og timber og leggja tvert yvi Vaagen fraa kongsgarden (Frå soga om Magnus Blinde).

Julen 1134 lot kong Magnus byggje ein valslynge på Holmen i Bergen (Bergenhus festning), for å verna innløpet til Vågen. Dette er første gong ein kastemaskin er omtala  i Norge. I resten av den langvarige borgerkrigstida på 11-og 1200-tallet vart dei brukt hyppig, både mot skip og festningar.

Valslyngen «Magnus», vart innvia på Koengen under Bergenhusdagene, den er bygd av Bjørgvin Handverkslag, ei gruppe som særskilt interesserar seg for historisk handverk og teknikkar.  Skipa på Vågen fekk ligge i fred denne gongen, men vi fekk likevel ein slagkraftig oppvising med eit heftig middelaldervåpen. Valslyngen var utan tvil ikkje berre årest nyhende, men også årets hendig på Bergenhusdagene 2013. I forkant hadde handverkslaget jobba hardt og intenst både med å komme fram til konstruksjonsmåte og sjølvsagt å bygge vidunderet. Alle deler er tappa saman, utan skurer eller spiker, hogge til med stemjern og kniv. Dette gjer «Magnus» til eit byggjesett som kan takast fra kvarandre og fraktast. Jernbanda til å halde sjølve akslinga har dei sjølve smidd.

Kvar heile time i løpet av arrangementet som varte to dagar, vart det ropa med høg og kraftig røst Det kastes! 1- 2 – 3! og like etter snødde det med kvitt over den grøne sletta på Koengen. Det var blad frå kålhovuda som vart slynga 100 meter gjennom lufta som dalte stilt ned på det avgrensa området. Utanfor sperringane og spesielt oppe på festningsvollen samla publikum sett for å sjå vidunderet. Det var stort stemning kvar gong, og ved kvart timeslag fauk det mange ladingar over sletta – høgt og stabilt omlag same stad kvar gong.

Det var ikkje så mye kystkultur på Bergenhusdagene, men til gjengjeld er det mykje soge på Bergenhus Festning som i middelalderen gikk under nemninga Holmen. Kong Øystein Magnusson flytta kongssetet  til Holmen på 1100-tallet og bygde opp ein kongsgard. Då borgerkrigane gjekk mot slutten i første halvdel av Håkon Håkonsson sin regjeringstid (1217–63) og Norge ble mer varig samlet, vart det bygd opp ein ringmur av stein på Holmen. Den skulle beskytte trehusa mot brann og mot fiender. Bergen ble då hovudstad i Norge og Holmen det politiske sentrum. (Kilde Wikipedia).

Bergenhusdagene vert arrangert av Bergenhus Kommandantskap, Statsbygg Vest, Forsvarsbygg/Nasjonale Festningsverk og Bymuseet i Bergen.

Arrangementet har fått støtte av Bergen kommune, Visjon Vest, Hordaland fylkeskommune og Kystsogevekene.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s