Herlig utstilling om Gryta hennar mor

Det var nok strofane av Salhuskvintetten som inspirerte Radøy mållag, Radøy sogelag, Manger ungdomslag då dei  i samband med Kystsogevekene skulle lage utstilling i ungdomshuset Solvang på Manger.

Prosjektet starta opp tidleg og har ført til stort engsjement, både i innsamlingsfasen og ikkje minst i utstillingperioden. Dei laga til ulike miljø som representerte 1950 og 1960 talet. Her var det utstilt kjøkkenutstyr, kjørl, kopper og kar frå denne tidsepoken og lagt til ulike miljø med gamle møblar frå samme periode. Det er og ei fotoutstilling og hengt fram tidsriktige klede. Vi fann også gamle kokebøker, ord og uttrykk i samband med matlaging.

På opningsdagen var det stort oppmøte, og folk fall straks i ivrig prat – gjensyn med gjenstandar og miljø i denne utstillinga var sterk grobotn til mimring og prat, og var ei flott måte å formidle også til yngre generasjonar som ikkje sjølv hadde minner om dette.

Utstillinga fekk så god mottaking at den vart ståande lenger enn planlagt, og det var gruppebestillingar frå nabokommunar og anna hald. Det vart også arrangert eigen temakveld i utstillinga, men underhalding, matforedrag og ikkje minst tradisjonell matservering av mat som mor bruka å lage.

Det er fantastisk at utstillinga fekk så gode tilbakemeldingar, og at det også ligg an til å få vidare liv i form av Digitale fortellingar. Sjå bilder og respons fra utstillingen på gruppen sin egen Facebookside. Her er også to reportasjar frå Avisa Nordhordland og Kult å sjå korleis dei levde.

Også Stilen laga reportasje om utstillinga – Ei anna side av kystkulturen

Det vart endåtil halde kommunestryemøte i utstillinga, eit møte med utstillinga som særs spesiell ramme.

All ære til gjengen som sto bak dette flotte prosjektet!

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s