Frå lørdagen på Kanaldagane 2013

Kanaldagane på ved Kulleseidkanalen på Finnås i Bømlo vart starta i 2002 som ein del av Kystsogevekene, då eldsjeler i bygda slo seg saman for å laga ei maritim messe som skulle femna vidt i Sunnhordland.  

På Finnås blir området rundt Kulleseidkanalen eit marknadsområde med mange ulike utstillarar og alle slag underhaldning. I år satsa arrangørane særleg på dei unge, og fredagen var det både «småttisdisko» og barnediskotek. Det var dessutan både trylleshow og tulleshow, og høve til å helse på figurane Knerten og Karoline.

Då eg kom til Finnås lørdag 31.august låg det festpynta veteranbåtar i kanalen, utstillarar på land og underhaldning frå scena. Gutane på 6 og 9 år, som eg hadde med meg ville helst sjå fisketanken med krabbar, ål og forskjellige typar fisk. Det er spennande å studere på nært hold der dei svømma rund mellom tangen i tanken med pumpe og sirkulasjon. Dei var også sjølvsagt dradd mot dei tøffe motorcrossyklane som Bømlo Motorsportklubb hadde med seg – ekstra gjevt var det om dei fekk setje seg på ein, eller at motoren vart starta.

Også andre motorar trakk til seg folk, nemleg dei gamle båtmotorane som også var stilt ut og som vart starta med jamne mellomrom, og som sende sin godlyd over messeområdet. Bømlo Kystlag hadde også med seg flotte båtar, og dessutan utstilling med bilete av gamle båtar.

Sidan det var innspurten av valkampen var det også naturleg at dei politiske partia hadde telt og bodar og snakka med folk. Her var også matbodar, loppemarknad, brukt og antikkhandel, nokre handverksprodukt og andre meir kommersielle produkt.

Vi hadde ikkje høve til å vere utover lørdagskvelden sidan vi skulle tilbake til Bergen, og fekk dermed ikkje med oss artisten LidoLido, del i ungdomsprofilen på arrangementet, og høgdepunkt i flotte maritime omgjevnader. Det vaksnare publikum kunne gå på pub i Gjestehamna.

Det var også foredrag med kulturhistoriske tema, professor Jørn Øyrehagen Sunde fortalte om Retten til fiske og bonden sitt matfat og Ola Ersland om Potetpresten på Finnås – meir enn berre poteter, Peder Harboe Hertzberg. Prest i Finnås 1754 – 1801. Søndagen var også det utegudsteneste og utdeling av Kanaldagsprisen.

Kanaldagane er ei stor happening både for fastbuande og heimvende bømlingar, og dessutan for tilreisande, dei kjem med bubilar og båtar eller leiger seg inn i leilegheiter. Gjestehamna Kulleseidkanalen hadde fullt opp med gjestar.

Bygdefolket, lag og organisasjonar på Finnås gjer ein fantastisk innsats for å leggje til rettes slik at alle pulikum og deltakarar får kjekke dagar ved Kulleseidkanalen! 

Sjå meir om historia til Kulleseidkanalen

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s