Vervadagane i Sagvåg

Vervadagane er tilbake med full styrke på den tradisjonsrike skipsbyggjarplassen på Jensaneset i Sagvåg på Stord.

Sagvågen Kystlag som arrangerar Vervadagane slo på stortromma i år med heile tre Vervadagar – alt fredagen var det kåseri ved Tore Lande Moe, som kåserte om Lars E Skarpnes og maritime samlinger i Raugabuo. Dette var eit samarbeid mellom Sunnhordland museum, Stord folkebibliotek og Sagvågen Kystlag.

Laurdagen var det Vervadag slik vi kjenner den frå tidlegare år, med sydende aktivitet på den gamle verven. Det var skipsbygging, smiing, og oppgangssaga vart starta. Dagleg leiar kom akkurat tidsnok til å få med seg nettopp saginga av ein stor tømmerstokk på oppgangssaga. Eg hadde med meg tre gutar som straks sette seg godt til rette for å få med seg dette spennande tekniske vidunderet. Det var fascinerande både for store og små å sjå dei fire store sagblada som taktfast dundrande saga seg gjennom stokken, og då til slutt stokken fall frå kvarandre i fire bord. Eg fekk meg også ein tur opp i stigen for å sjå inn på loftet der dei lange reimane som dreiv saga surra kring akslingar og hjul. Saga er i dag elektrisk drive, men var opprinneleg ein dampsag drive av ein dampmaskin.

Vi gjekk vidare for å sjå på utstillingar og båtar, og gutane fann sjølvsagt straks vegen til fjæra der dei laga båtar og andre fartøy til leik. I det flotte kulturmiljøet på Jensaneset kan ein sjå mange slags innretningar som er knytt til båtbygging og raparasjonar, her var både kassar til damping av båtbord, hylsebor til å dreie hol, kjel til å koke bek i og mykje anna spennande. Slip og traller, skinner og taukveiler, tømmerstokkar og sjølvsagt båtar, store og små, både på land og til kai.

I sjøhus og buer kunne sjå verkstader, her var sett opp utstillingar, det var kafe, bodar og open karmbu. Sagvågen musikklag hadde konsert på kaien, og nokre av båtane låg med sin vakre taktfaste dunking.

Dette var ein deilig seinsommardag med sol, spennande kultur, flotte båtar, mange inntrykk og flotte opplevingar! Kjekt å ha Vervadagane tilbake med full kraft! 

Søndagen vardet Vervagudsteneste med påfølgande kyrkjekaffi.

Skipstømraren i Sagvåg restaurerar og vøler båtar, innvendig og utvendig – Alle gode ting er tre…

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s