Bogatunet i «gamle dagar»

Kvart år i Kystsogevekene vert det igjen liv og røre på den gamle Bogatunet på Radøy. I år der det ein skuleklasse frå Hordabø skule og levandegjer korleis familiar levde på ein liten vestlandsgard på 1880-talet. Elevane er kledd opp i gamaldagse klede og lagar tradisjonskost. På garden er det også eldre menneske og tradisjonsberarar syner og fortel elevane om dei tradisjonelle gjeremåla. Elevane er deretter vertskap når det kjem gjestar til gards og viser og fortel det dei sjølve har lært under opptalet.

Dette har vorte ein årviss tradisjon som Radøy kommune og Radøy sogelag står for. I år der det mellom anna leiar i Radøy sogelag Einar Borgund og Berit Kvalvik, også frå sogelaget som er tradisjonsberarar, og som fortel og viser elevane om levesett og gjenstandar på garden.

Elevane får prøve seg ikkje berre som omvisarar, men også ulike gardsgjeremål, som å slå gras og hesje. Dei steikjer lappar og serverer besøkande. Det er høve både for andre skuleklassar å komme på besøk på Bogatunet, men også for anna publikum.

I år var det dessutan lagt opp til å kombinere eit besøk på garden med ein guida vandring ned til Bogehamn.

Her kan du sjå meir om opplegget på garden på Radøy kommune sine nettsider. Om sjølve Bogatunet kan du lese meir på Digitalt fortalt og i Kulturhistorisk Vegbok Hordaland

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s