Risikosport anno 1770 – om brugdefangsten

Gjennom musikk, dikt og drama vert vi med på harpunfangst etter den nest største fisken i verda. Lokalhistorikaren og lyrikaren Johan Tufteland kjende sogene kring denne spennande fangsten som i dag er gløymd. Han formidla mykje kunnskap frå det gamle fiskarlivet i skriftene sine. Forestillinga er ei dramatisering av brugdefangsten på Vestlandet frå 1770-1850. Forestillinga er regissert og vart framført av Jan Tufteland og sønene hans Endre og Tormod.

Gjennom dikta av Johan Tufteland og musikk av Jan Tufteland legg vi til havs med gamle harpunar og segl som råme. Musikken er originalkomponert og nokre av dikta er tonesett. I samband med markeringa av 100 år sidan Tuftelands fødsel blir stykket sett opp på nytt i privat regi med tittelen Spelet om brugdefangsten. Både innhald og oppsetjing er omarbeidd, og det er tilført meir historisk stoff. Gjennom musikk, dikt og drama får ein oppleve den dramatiske harpunfangsten etter den nest største fisken i verda.

Det var ei spent forsamlng som benka seg i Tøsdalsløa på Hordamuseet på Stend. Dette var same dagen som arrangementet Gøy på landet! og det var nok nokre av publikum som fekk med seg både familiearrangementet og denne forestillinga, men det var og mange som kom nettopp for å få med seg Brugdefangsten. Då forestillinga kom i gong fekk vi både stillfaren musikk og ikkje minst fortelling.

Innleiingsvis fekk vi høyre litt om korleis losen vart varsla då det kom båtar inn i farvatnet, og det var om å gjere å kome først fram å få oppdraget. Deretter fortsette det med ei dramatisering om ein unggut som skulle ut for å ta del i brudgefangsten for første gong, og som ikkje visste kva han gjekk til. Han vart til tider litt bleik om nebbet då han fekk skildra og forklart kva denne fangsten eigentleg gjekk ut på. Dette var ein elegant måte å formidle kor dramatisk denne fangsten var – reine risikosporten i gamal tid. Vi fekk både skritta opp storleiken på fisken og skildra korleis ein måtte gå fram for å få tak i den verdfulle levera til fisken som gav oljen som gav fangsten utbytte. Scena og storleiken var også understreka av det store originale seglet frå ein gamal brugdebåt.

Då vi kom til det dramatiske punktet då storfisken var i sikte vart det ei hektisk aktivitet med løping, hente utstyr, og tau, storkniv og flensekniv – alt i «sakte film» medan musikken spelte raskt og understreka dramatikken. Eit flott grep! Då den lange kniven sakte sveipa over hovuda på publikum for å rekkje fram til fisken var det eit tett og nært augneblink.

Då applausen etter forestillinga var lagt seg, fekk vi høve til å sjå nærare på alle dei originale gamle fiske- og fangstreidskapen som dei hadde med seg, som har vore i naustet i Austevoll sidan dette fisket gjekk føre seg for fleire hundre år sidan.

Det var ei kjekk oppleving og lærerikt om kulturhistoria vår og eit stykke fiskeri som er eit ukjent kapittel for dei fleste!

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s