Frå Periferifestivalen 2013

Det er alltid kjekt å ta turen ut til Glesvær og til Periferifestivalen. Det har også vorte fast i kalenderen med deltaking i Periferikonferansen som i år naturleg nok var prega av valget, og diskusjonen gjekk mykje omkring sentrum og periferi, og kva som ER GALE MED BERGEN? om kommune- og regionstruktur og kultur og i periferi vs hovudstad, og vi fekk politikarane Helge A. Njåstad (FrP), Jette Christensen (Ap), Kjersti Toppe (SP), Øyvind Halleraker (H) i debatt.  Kultur og næring, og kulturbasert næring, er det liv laga? fekk vi også høyre, med inspirerande døme frå Stokkøya sjøsenter.

Sjølve festivalen fredagskvelden vart som alltid innleia med Frode Grytten sitt dikt, sentrum perifer, medan Ida Jenshus var første artist ut på hovudscena, etter det gjekk det slag i slag med artistar både frå scena og i naustet. Morten Abel var i godt slag og fekk mellom anna invitert ei hårfager dame med seg opp på scena. Big Bang tok til og med spranget med stage dive frå scenekanten – det var stor stemning.

Stemninga og ramma rundt festivalen er eit vesentleg trekk ved Periferifestivalen. Her er det verkeleg havsus møter populærmusikk, og også menyen er prega av havet med Vaularwrap med laks, Abelkaker (fiskekaker og potetbåter), og BigBangBurger (lakseburger), og sjølvsagt Gryttensuppe (fiskesuppe).

Festivaldeltakarane er også i stor grad båtfolk, og gjestehamna i Glesvær var stappfull av båtar i alle storleikar. Ut i kveldingen høyrdes det salutt i det Galeasen Loyal meldte sin ankomst, og så la til langs kaien med mastane ruva over handelstaden og festivalområdet. Også fjordabåten Atløy var innom ein tur, medan kulturbåten Glesnes også var på plass. Som arrangørane sjølv seier det: Fredagen var det ein gild blanding av varme, gluggasol, og svartestidla – ein fullkommen første festivaldag.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s