Tid for tidreiser!

Denne helga vert det mange spennande arrangement som ber i seg aspekt av svunnen tid. Her kan vi ta turen heilt tilbake til middelalderen, eller mimre om gamle dager. Her er eit vidt spekter av arrangement både i tid, geografi, aktiviteter – noko for ein kvar smak!

På Bergenhus festning vert det stort familiearrangement Bergenhusdagene, med middelaldermennesker og marknad, og kampoppvisingar, hoffskole og historisk vandring og omvisning. Her vert det aktiviteter og mykje spennande å sjå, vere med på og oppleve for både liten og stor. Den nye store kastemaskinen Magnus, skal takast i bruk for første gong, det er ein valslynge som er kring 2,5 meter høg og har ein kastearm på kring 5 meter. Det skal verte spennande å sjå kor langt denne middelaldersk krigsmaskinen kan kaste.

Opplevingar frå andre og farne tider kan du få også om du vert med Fjellkoret på Kleppevikkveld, der vert det kabaret og song og skodespel frå strilakulturen og kystkulturen som Johannes Kleppevik skildra i mange av songane sine. Det er duka for kjekker stunder i dei to forestillingane i Liaskjærshallen fredag og søndag.

I ungdomshuset Solvang på Manger fekk vi forrige helg ta del i opninga av utstillinga Gryta hennar mor, som viser miljø og gjenstandar frå 1950- og -60-talet. Utstillinga vil vere open også på søndag, og her er alt lagt til rette for mimring og moro. I rike utvalet av kvardagsgjenstandar frå denne tida, er det høve for dei fleste å finne att ein kopp eller kanne dei har sett før i ein bestemor eller tante sitt kjøken, eller ein hadde sjølv i den tida. Utstillinga er open dei to neste søndagane. I tillegg inviterar dei til Temakveld om matkultur frå same tida, og dei dekker festbord med tradisjonsmat frå 1950- og 1960-åra, middag med tilhøyrande dessert, kaffi og kaker. Temakvelden inkluerar også foredrag/kåseri om matkultur ved økobonde og matskribent Erik Halvorsen. Det vert også musikalske innslag. Påmelding innan måndag 9.sept til tlf 41421820 eller tlf 99157524.

I Eknesvågen kan du få høyre meir om tida oljen kom til Nordhordland, når Eknesvågens venner inviterer til bokkafe med foredrag. Det er tidlegare informasjonssjef på Norsk Hydro Mongstad, Karl Kolstad som fortel.

Johannes Heggland har ikkje berre laga Håkonarspela, han har eit langt og rikt forfattarskap bak seg, med både spel, lokalhistorie, romaner og ungdomsbøker. I Saltebuo på Nedrevåge i heimkommunen hans Tysnes, inviterer ei brei samansatt arrangørgruppe til å sjå nærare på Johannes Heggland sine kvinneskikkelser i forfattarskapen, her kan du møte både Anna Gyria og høyre nokre av Oldemorsongane.

Sunnhordland museum har forøvrig også fokus på gamle dagar når dei med samarbeidsparar har open dag både i Sunnhordlandtunet i Leirvik på laurdag, og  i Årskog museum på Fitjar på søndag.

Ønskjer du å vere aktiv, kan du ta turen til Sæbøvågen slipp på Radøy, her arrangerer Keipane kystlag Familiedag med fiskekonkurranse og utfordringa er kven får den største fisken? Vandrepokalen er pussa. Det vert også ein dartkonkurranse, slik at her er høve til å vinne fleire prisar. Det viktigaste er å ha ein kjekk stund for store og små. Her kan ein også lage barkebåtar eller leike i krabbdam.

Også i Sveio inviterer dei til Familiedag – her vert det samling og aktivitetar på Kaien i Førde. Her vert det både gamle og fine båtar å sjå på, og høve for dei små til å vere skipper på den vetle redningsskøyta Elias. Folk vert oppmoda om å ta sjøvegen til Førde. Her vert det også utekonsert på kaien.

Det er Kystsogeveker og mykje å velge mellom, dette er berre ei utval av dei kommande arrangementa.

Sjå i programmet, ta deg tid til å delta, så får du deg garantert ein god opplevelse! 

Sjå heile programmet på www.kystsogevekene.no  

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s