Kanaldagane– Vervadagane og Kystsogedagar i Buavåg – ny storhelg i vente!

Så står alt årets fjerde kystsogehelg for tur, og denne gongen er det særs mykje som skjer sør i fylket vårt, det vert både Kanaldagane i Bømlo, Vervadagar i Sagvåg og Kystsogedagar i Buavåg i Sveio.

Vervadagane har dei siste par åra vore anleggsarbeid på Jensaneset, og har difor hatt mindre aktivitet, med mellom anna Vervadagane i eksil i Sagvåg i staden for den tradisjonsrike skipsbyggjarplassen på Jensaneset. I år er endeleg anleggsarbeidet over og plassen er tilgjengeleg med nyvøla veg etter nedgraving av kablar og røyr.

Sagvågen Kystlag som arrangerar Vervadagane står på stortromma no i år med heile tre Vervadagar – alt fredagen vert det kåseri ved Tore Lande Moe, han skal fortelje om Kåseri om Lars E Skarpnes og maritime samlinger i Raugabuo.  Dette er eit samarbeid mellom Sunnhordland museum. Stord folkebibliotek og Sagvågen Kystlag. Det vert kaffe og enkel servering, med fritt tilgjenge.

Laurdagen vert det Vervadag slik vi kjenner den frå tidlegare år, med sydende aktivitet på den gamle verven. Det vert skipsbygging, smiing, oppgangssaga vert starta. Vi får også kafe, utstillingar, bodar og open karmbu, og musikk. Søndagen vert det Vervagudsteneste med påfølgande kyrkjekaffi.

I Sveio er det Kystsogedagar i Buavåg i regi av Sveio Gullforeing. I år inviterer dei lørdag til konsertforestillinga Du skal ikkje sova bort sumarnatta, der Linda Fosse tek for seg diktininga til Aslaug Låstad Lygre. Etter forestillinga er det sosialt lag med rømmegraut og spekamat attåt. Søndagen vert det temadag og i år er det Stemmerettsjubileet som står i sentrum både for utstillingar og kåseri, men først vert dagen starta med fruluftsgudsteneste og rusletur. I år som tidlegare år er det høve til å skaffe seg dei eksklusive kunstkorta med tema stemmerettsjubileet, som Brith Inger Dirdal Engan lager i høve denne dagen.

På Bømlo vert det Kanaldagane og vi ventar oss ein maritim festdag ved Kulleseidkanalen. I år satsar arrangørane særleg på dei unge, og fredagen vert det både «småttisdisko» og barnediskotek, medan lørdagskvelden er det duka for artisten LidoLido, dette vert ein kjempekonsert i flotte maritime omgjevnader. Det er inga aldersgrense på denne konserten, men aller under 15 år må være i følge med en voksen. Det vil dessutan verte både trylleshow og tulleshow, og det er høve til å helse på figurane Knerten og Karoline.

Kanaldagane vil også i år ha festpynta veteranbåtar i kanalen, utstillarar på land og underhaldning frå scene heile helga. Det er også foredrag om kulturhistoriske tema, Føredrag med professor Jørn Øyrehagen Sunde Retten til fiske og bonden sitt matfat og Ola Ersland om Potetpresten på Finnås – meir enn berre poteter, Peder Harboe Hertzberg. Prest i Finnås 1754 – 1801. Søndagen vert også det utegudsteneste og utdeling av Kanaldagsprisen.

Sjå heile programmet til Kystsogevekene 

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s