Historisk markering av 250-årsjubileum!

Eit av dette årets Kystsogeveker sine høgdepunkt skal foregå i Fusa på
laurdag 24. august!

Då er det 250 års jubileum for CW Segelcke som grunnla offisersgarden Engevik gard. Danskfødte Christian Wilhelm Segelcke, døydde i 1763, for 250 år sidan . 

For å setje stemninga og gjenskape atmosfæren frå den gongen dette var ein travel offisersgard, har dei invitert ”Kong Fredrik den 4. tambouravdeling af 1704” frå Fredrikstad som hovudattraksjon denne dagen. Segelcke var kommandant for Søndre Bergenhusiske Infanteriregiment, han kjøpte garden og tilliggjande jordegods av Kong Fredrik 4. på 1720-talet. I over 100 år fungerte Engevik som embetsgard og militær sjefsgard.

Tambouravdelinga har lagt ned eit stort arbeid i å kopiera både uniformar, utstyr og eksersis frå tidleg 1700-tal. Engevik vil syda av liv med både kommandorop, tromming, saluttering og oppvisning som vil gje eit innblikk i soldat- og offiserslivet  på 1700-talet og Engevikmiljøet i fordums tider. Den historiske militæravdelinga vil ganske sikkert engasjera og fascinera folk i alle aldrar.

Fusa har har sjølv lange tamburtradisjonar og slåttetromma vart brukt i bryllup i Fusa like fram til å 1950-talet. Det er laga ein eigen utstilling om dette.

Det vert også besøk av Baroniet i Rosendal sin vengebåt, dette var ein båttype som også generalmajoren disponerte.

Engevik har vore ein militærgard. Segelcke var i si tid sjef for Søndre Bergenhus infanteriregiment, ei stilling han hadde heilt fram til han døydde i København 81 år gamal! Det siste han gjorde var å leia ein norsk bataljon i forsvaret av København og grensa for det dansk-norske riket ved Holstein i samband med sjuårskrigen. Segelcke var ein mektig mann i si samtid. Han eigde kyrkjene og kyrkjegods i dåverande Ous prestegjeld og bygde opp Engevik gaard som offisersgard. På 1700 var dette eit regionalt maktsentrum og i dag eit unikt nasjonalt kulturminne.

På 250 årsjubileumsdagen  får vi militært besøk til gards. Klokka 1500 kjem ein delegasjon frå forsvaret med Shetlandsbussen KNM Hitra  til kai med delegasjon frå forsvaret. KNM Hitra gjorde teneste under 2. verdskrig. Om bord i Hitra kjem generalinspektør for sjøforsvaret Bernt Grimstvedt . Han vil stå for avduking av eit minnesmerke over generalmajor Segelcke i hagen på Engevik. Minnesmerket er utforma av Os-kunstnaren Arne Mæland.

Det heile startar kl 11 Lørdag 24. august!

Det v ert ein dag dag fylt av aktivitetar og attraksjonar for heile familien. Det vert lotteri og matservering også. Billett: Voksne kr 100,-. Born og ungdom under 18 år er gratis.

Festmiddag

Dagen vert avrunda med ein Festmiddag i Ungdomshuset Breidablikk kl 17.00. Her vert det historisk kåseri om militærvesenet på 1700-talet, innslag ved «Tambouravdelinga af 1704» og utdeling av Anders Kåre Engevik sin kulturvernpris for 2013. Arrangementet er ope for alle interesserte. Inngang kr 350,- inkl. mat og drikka. Bindande påmelding til Bergfrid Norheim tlf 47 32 15 20.

Sævareidfjorden ungdomslag er teknisk arrangør av festdagen, og det er sett ned ei arbeidsgruppe der også representantar frå Engevik og Fusa kommunen har vore med.

Sjå heile programmet

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s