Kystsogevekene 2013 er i gong!

Etter den fantastiske opninga ved Lindås sjøsluser forrige helg står arrangementa vidare i kø frametter. Denne helga er det store arrangement mange stader i fylket:

Det er Kystsogehelg i Bekkjarvik med tettpakka program for store og små. Alt i dag vert det ei forestilling for barn med dramatisering om og kring Sildajenta, og seinare ein sommarkonsert med Hjerteklang. Vidare ut i helga vert det både torgdag, rokonkurranse, god mat og ikkje minst Bjørn Eidsvåg i Hengjo og nattkonsert i Stolmen kyrkje. Søndagen roar en ned med gudsteneste på Skjeret med songinnslag, men framleis ope torg og marknad.

Også på Fedje er det aktivitet denne helga – Kulturvandring i Landsbyen i havet startar fredag kveld med konsert ved eit koret Plunge frå Litauen i Fedje kyrkje. Laurdagen vert det både foredrag, ope trafikksentral og ikkje minst Maritimt meisterskap der ein kystfolk tevlar om evner og kunnskap innan ulike maritime greiner som sløying, filettering, knuter med mer. Her er det duka for kappestrid!

I Masfjorden er det Kraftspel denne helga med Kurt Nilsen og Vinni som store namn fredag og laurdag. I tillegg vert det som tidlegare både marknadsdag, seminarer og konsertar, og ikkje minst vert helga avrunde med Bjørn Westmarsjen.

Kystsogedagane i Os vert opna på laurdag, og tradisjonen tru vert det fiskekonkurranse og regatta i Søre Øyane. Det vert også vernissage i Vedholmen Galleri og sjanse til å sjå ein moderne fiskebåt frå innsida, på Røttingøy.

Utstillingopning vert det også når Lars Tveit har Kystsogevekeutstilling i Moster Amfi på Bømlo.

Andre frittstande kystsogearrangement er Tur i fiskarbonden sitt rike – på vakre Krossøy, eller konsert med Marit Drivenes på Manger i Radøy. På Radøy har ein også høve til å lære seg å segle, på kurs om bord i Colin Archerskuta Sunniva.

Dansegalla i Tysneshallen har røtter tilbake til eit kystarrangement for ei årekkje sidan, og heng igjen som eit populært treff for dans. Her kjem folk tilreisande til Gjestehamna i Våge, eller med bubil.

Eknesvågens venner har bokkafe kvar søndag, men under Kystsogevekene dreg dei i gong ei  imponerande foredragsrekkje, denne søndagen kan folk høyre Bjarne Foss fortellje om Møbelindustrien i Nordhordland.

På I Hosanger er det også aktivitet gjennom heile sommar og seinsommaren, og her kan folk sjå vevutstilling ved Åse Eriksen og høyre konsert i Hosanger Kyrkje.

Sjå heile programmet på www.kystsogevekene.no

Du finn oss dessutan på Facebook                   

     

Arrangement i Austevoll, Os, Fedje, Masfjorden, Radøy, Tysnes og Bømlo
Arrangement i Austevoll, Os, Fedje, Masfjorden, Radøy, Tysnes, Lindås, Osterøy og Bømlo

                  

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s