Frå Lindås sjøsluser og opninga av Kystsogevekene 2013

10. august vart ein eventyrleg dag då Kystsogevekene 2013 starta, og Lindås sjøsluser vart gjenopna etter lang tid ut av bruk og restaurering. Her kjem bilder frå dagen då MS Granvin tok turen frå Bergen, gjennom slusen og til Nedre Lindås og Lindåstorget. Det var ein varm velkomst og ein folkefest både på Spjotøy, ved slusene og på Lindåstorget.  Sola skein opp og bada båter, folk og ikkje minst landskap og sluser i sol.

Turen starta på morgonen med fjordabåten Granvin fra Bergen, med ein tur innom Knarvik for å hente fleire passasjerar. Så bar det Indre Farleia vidare mot Lindås sjøsluser. På turen hadde vi den kunskapsrike marinarkeologen fra Bergen Sjøfartsmuseum, Arild Marøy Hansen med oss som guide. Han fortalte spennande og interessante historiar om det maritime kulturlandskapet i og langs leia.

Då vi kom fram mot slusene venta det oss ei folkehav, sluseplattingen var full av folk som ville vere med på denne historiske hendinga. Det var god stemning og ein fantastisk velkomst til fjordabåten som skulle markere opninga. Her var det talar og eit historisk opptrinn og ikkje minst ein liten porsjon spenning då slusene opnast.

Turen gjekk vidare inn til Lindås og Lindåstorget der det var folkeliv og røre, og stor stemning. Her var det utstillingar, kåseri, marknad, musikk, dans, song og slusekake!

Tusen takk til Lindås kommune som var godt vertskap for ein fantastisk dag og start på Kystsogevekene 2013!

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s