Brugdefangsten – Risikosport anno 1770. Eit spel i Kystsogevekene 2013

Det er lange tradisjonar for spel under Kystsogevekene, og i år får vi oppleve spelet Brugdefangsten – risikosport anno 1770.

Gjennom musikk, dikt og drama vert vi med på harpunfangst etter den nest største fisken i verda. Lokalhistorikaren og lyrikaren Johan Tufteland kjende sogene kring denne spennande fangsten som i dag er gløymd.  Han formidla mykje kunnskap frå det gamle fiskarlivet i skriftene sine.

Forestilinga Brugdefangsten – risikosport anno 1770 er ei omarbeiding av ei forestilling Eit anna hav som vart sett opp av Sogn og Fjordane teater i Kulturbyåret 2000.

Spelet er ei dramatisering av brugdefangsten på Vestlandet frå 1770-1850. Gjennom dikta av Johan Tufteland og musikk av Jan Tufteland legg vi til havs med gamle harpunar og segl som råme. Musikken er originalkomponert og nokre av dikta er tonesett.

I samband med markeringa av 100 år sidan Tuftelands fødsel blir stykket sett opp på nytt i privat regi med tittelen Spelet om brugdefangsten. Både innhald og oppsetjing er omarbeidd, og det er tilført meir historisk stoff. Gjennom musikk, dikt og drama får ein oppleva den dramatiske harpunfangsten etter den nest største fisken i verda. Spelet er regissert og blir framført av Jan Tufteland og sønene hans Endre og Tormod. Framsyninga blir sett opp på nytt på Kystsogevekene i august 2013.

Brugdefangst anno 1770
Brugdefangst anno 1770

Båten

Båten er skapt i auga si form
i handa sitt lag
i hjarta sitt salte hav
som bølgjer innanfrå
mot hud og negler
                                      (utdrag av diktet Båten)

Boklansering under Kystsogevekene

I år er det 100 år sidan Johan Tufteland vart fødd og det kjem ei fin lita bok med utvalde dikt, prosa, omsetjingar, salmar og brev. Noko har ikkje før stått på trykk. Idar Stegane skriv om forfattaren og Einar Økland fortel om brevvenen Johan. “Litt av ein sensasjon i nynorsk lyrikk” skreiv Dagbladet.

Sj meir om Johan Tufteland sitt forfattarskap og virke på Lokalhistoriewiki. http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Johan_Tufteland

Spelet om brugdefangsten vert sett opp på Stangeland gard, Stolmen, laurdag 10. august kl. 17 og i Hengjo i Bekkjarvik søndag 11. august kl 14. Det skal også setjast opp på Hordamuseet på Stend i Bergen 25. august kl 17.

Om forestillingane
Om forestillingane
Advertisements

Én tanke på “Brugdefangsten – Risikosport anno 1770. Eit spel i Kystsogevekene 2013”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s