Offisiell opning av Lindås sjøsluser og Kystsogevekene 2013

Hjertelig velkommen til en stor dag på Lindås! Lørdag 10.august

Vi får oppleve ei historisk hending når Lindås sjøsluser skal takast i bruk igjen etter å ha stått opne sidan 1963. Ei lang tid med restaurering er over og lørdag 10. august markerast opninga med at fjordabåten MS Granvin skal gå gjennom slusene. Her vert det offisiell opningshøgtid av både Lindås sjøsluser og Kystsogevekene 2013.

Det vil verte ei spennande og historisk augneblink når sluseportene opnast og lukkast kring båten. Her får vi oppleve korleis ein i 1908  tok i bruk mekanikk og stålkonstruksjonar for å temma naturkreftene, og å halde kommunikasjon med byen og omverda. På denne tida var framleis sjøvegen den viktigaste og kommunesenteret låg inst i Lindåspollen. Slusene gjorde det mogeleg å få til faste rutebåter med folk og med varer, medan ein i seglskutetida måtte vente på riktig tidevatn. Ved slusene får vi også sjå ei iscenesetting av historiske miljøet og aktivitetar kring slusene, som også var ei stopp for rutebåten.

10. august  er Lindås kommune for opninga av Kystsogevekene 2013 og dette vert også markert med arrangementet Lindåstorget på Nedre Lindås, der dei pustar liv i det gamle kommunesenteret med marknad, utstillingar, mat, folkeliv og underhalding. Her er det mykje kjekt å oppleve. Lindåstorget pågår frå klokka 12 -16. På Facebooksidene til Opning av slusene og Kystsogevekene kan du følgje med kva som skal gå føre seg der.

På kvelden blir det dans og god stemning på Lindås Brygge med Kai Taule og Totto Kristiansen.

Stein Ottosen og Gunn Nordahl har skrive ei ny oppdatert artikkel om Lindås sjøsluser på Hordaland fylkeskommune sine sider. Her får du historikk om det spesielle kulturminnet Lindås sjøsluser.

Det vert historisk når Granvin skal gjennom Lindås sjøsluser for første gong på ei lang årrekkje
Det vert historisk når Granvin skal gjennom Lindås sjøsluser for første gong på ei lang årrekkje

offisiell opning brosjyre 2013

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s