Ta del i Kystsogevekene 2013

Ønskjer du å få i stand eit kystkulturarrangement?

Har du planar om eit arrangement og ønskjer å ta del i den store kystkulturmønstringa Kystsogevekene 2013?

Ta kontakt med Stiftinga Kystsogevekene!

Eit breitt spekter av ulike arrangement
Eit breitt spekter av ulike arrangement

Stiftinga Kystsogevekene er ei ikkje næringsdrivande stifting med føremål å stimulere og virke som pådrivar og fagleg instans for utvikling av kystkulturtilbod og koordinering av årlege Kystsogeveker i Hordaland og Gulen.

Lag eit arrangement med fokus på kystkultur ta del i stormønstringa!

Stiftinga Kystsogevekene fungerar som ein koordinator og samlande instans for lokale arrangement med fokus på kystkultur i vid forstand. I år går Kystsogevekene av stabelen frå 10. august til 15. september. Kystsogevekene finn stad i 22 kystkommunar på Vestlandet, frå Sveio i sør til Gulen i Sogn og Fjordane i nord.

De får:

Programhefte, Nettsider, Oppfølging på Facebook, Samleannonsar, Pressemeldingar, Formidlingsbank, Høve til å få tilskot.

Saman får vi auka:

Fokus på kystkultur og fartøyvern, Trivsel og tilhøyre blant lokalbefolkninga, Kulturtilbod, Arena for småskala næringsliv, Arena for artistar og kunstnarar, Reiseliv

Stiftinga Kystsogevekene har oppdaterte nettsider med programmet og eventuelle linkar til arrangørane sine nettsider. Vi samlar heile programmet, i fjor var det opp mot 200 ulike arrangement, i ein felles programkatalog eller programhefte. Stiftinga har dessutan annonsar i dei største avisene kvar veke under mønstringa, og er aktiv med å sende meldingar til lokal og regional presse, både avisar, radio og tv om dei einskilde arrangementa. I tillegg har Kystsogevekene eigen blogg og Facebookside der ein aktivt går ut med informasjon.

Bruk av logoen Kystsogevekene syner at arrangøren er del i den store mønstringa.

10. august til 15. september 2013

Stiftinga Kystsogevekene har eit breitt kontaktnett og kan tilby fagleg hjelp knytt til kulturhistorie, og er dessutan støttespelar for dei lokale arrangørane.

Det er kostnadsfritt for arrangørane å vere med i Kystsogevekene.

Frist for innmelding er 15. mai.

Ta del i  stormønstringa av kystkultur!

Kontakt Stiftinga Kystsogevekene

og fortel om planane dykkar!

 Stiftinga Kystsogevekene

Postboks 7900

5020 BERGEN

kystsogevekene@hfk.no

55 23 91 73 / 917 12 961

www.kystsogevekene.no

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s