Barking av segl til Båthallen

Den nye Båthallen til Hordamuseet på Stend er forlengst ferdig, utstillinga gjenstår, men også den byrjar å nærme seg. Båtar er flytta inn i hallen og no er dei også i ferd med å få segla på plass. Båtbyggjaren og seglmakaren Hallgeir Forstrønen Bjørnevik har sydd nye segl til båtane, og Ole Mikal O. Ramsøy på museet har barka segla.

Då Hordamuseet arrangerte Gøy på landet i Kystsogevekene barka Ole Mikal segl på gamlemåten. Det dukka opp nokre bilete frå arrangement under Kystsogevekene 2012 som dagleg leiar ikkje sjølv hadde høve til å vere med på. Her har eg funne ei lenke til framgongsmåte for barking som kystfriluftsliv har laga.

No i desse dagar er fleire av segla ferdigbarka og har vorte sett på båtane i utstillinga. Dette vert staseleg og flott, og vi ser fram til den skal opnast for publikum seinare i vår.

Sjå reportasje om båthallen i BT frå i haust Bergens største naust

Kystsogevekene har også tidlegare laga ein kort reportasje om Seglmakar i Båthallen

Endeleg dato for opning av Båthallen vert til våren, men kan etterkvart finnast her på Bymuseet sine sider.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s