Offisiell opning av Kystsogevekene 2013 ved Lindås sjøsluser

Etter styremøte nyleg er det bestemt at den offisielle opninga av Kystsogevekene 2013 vert 10. august i Lindås kommune, ved Lindås sjøsluser.

Lindås sjøsluser et eitt av to sjøsluseanlegg i Norge, og har difor nasjonal verneverdi. Sluseanlegget mellom Lurefjorden og Lindåsosen sto ferdig i 1908. Slusene gjorde det mogeleg å få rutebåtsamband med gods- og persontrafikk inn til Lindåspollen.

Sluseportane vart lukka for siste gong i 1963, og vart så sett opne og til forfalls i mange tiår.  Lindås sjøsluser er sett på Kystverket sin verneplan og vert no tatt vare på som nasjonalt kulturminne. Dei siste åra har sluseportante vore til restaurering, men til sommaren skal anlegget igjen monterast, og slusene kan takast i bruk att.

Kystsogevekene 2013 si offisielle opning vert i samband med at det vert offisiell nyopning av Lindås sjøsluser. Det skal verte spennande å følgje prosessen fram til montering, prøvekjøring og opning.

Lindås sjøsluser, foto Ann Steindal, Hordaland fylkeskommune
Inngangen til Lindås sjøsluser, foto Ann Steindal, Hordaland fylkeskommune

NRK var på besøk i Lindås og laga eit innslag til Vestlandsrevyen om sjøslusene. Her er det både film, gamle bilete og historia om slusene.

Fylkesarkivet sin historie om Lindås sjøsluser

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s