Frå opningsdagen i Sund

11. august gjekk startskotet på Glesvær, og no er Kystsogevekene 2012 i gong.

Sund baud på ein fantastisk dag frå morgon til kveld. Vi starta dagen i Telavåg der gjestar og publikum skulle ut på vandring i Nordsjøløypa. Turen gjekk på fint merka og tilrettelagt sti over knauser og hamrar, ein times tid ut mot havet. Då vi kom over siste høgda mot havet kunne vi sjå galeasen Loyal nærme seg havdønningane. Vi gjekk ned til sjøen og klatra opp til den store grotta Bekhilleren, som berre er tilgjengeleg på fjære sjø. Her fekk vi ein flott konsert med Marlen Kleppevik og Vivian Steinsland, som framførte songar laga av sundsokningar, sjølvsagt Johannes Kleppevik, men også av Vivian Steinsland sjølv og andre frå Sund.

Etter konserten gjekk vi til ei lun vik og vart frakta med småbåtar ut til Loyal og skøyta Glesnes. Her fekk vi ein fin tur til Glesvær, og fekk servert fiskesuppe då vi kom i rolegare farvatn. Då vi kom til Glesvær, var akkurat premieutdelinga til Stilaman Triathlon som var her same dagen over, og vi overtok scena for den offisielle opninga av Kystsogevekene 2012.

Sund fekk vise fram litt av kulturlivet sitt med Sund Blandakor og Sund trekkspelklubb. Ordførar og styreleiar i Stiftinga Kystsogevekene, Ove Trellevik ønskte velkommen til Sund og til Kystsogevekene. Han la vekt på at Kystsogevekene speglar bulyst og livslyst i regionen vår, og trakk fram det viktige arbeidet som frivillige i lag og organisasjonar legg ned i arrangementa for å gje gode opplevingar til publikum.  Han er også opptatt av at kystsogevekene er i utvikling, at nye ting kjem til, og at det er plass også for moderne kystkulturaktivitetar. På Glesvær er det også nyleg opna eit sjøsportsenter som tilbyr alt av aktivitetar og action knytt til sjøen.

Statsekretær i Fiskeri- og kystdepartementet Kristine Gramstad sto for sjølve den offisiell opninga av Kystsogevekene 2012. Ho haldt ein fin tale der ho også la vekt på kor viktig det er at ein ser framover, men samstundes har føttene i tradisjonen. Ho trakk også fram Bergen og Hordaland si satsing på sjømat, og nemnde opp dei to mest kjende nordmennene, nemleg torsken og laksen. Etter å ha vandra på Marknaden på Glesvær og fått med seg folkeliv og stemning i solskinnen, var statsekretæren overbevist om at dette lova godt som starten på fem flotte veker med kystkultur langs kyststripa vår frå Sveio til Gulen. Ho sette dermed startskotet for Kystsogevekene, som skal gå føre seg i heile 22 kommunar fram til 16. september.

Opningsmakreringa var avslutta med at unge krefter slapp til. Sund Rockeklubb har fått øvingslokale i same hus som Sjøsportsenteret, og her får ungdommen boltre seg i musikk og lyd. Det vart ei sjarmerande avslutning med trøkk. Det var også marknad på Glesvær denne dagen og høve for å kjøpe seg både mat, klede samt husflids- og handverksartiklar med seg heim. Dagen var likevel ikkje over då bodane var pakka ned, framleis var det meir å ta seg til på Glesvær.

I ungdomshuset var dagen avrunda då Glesnes Ungdomslag inviterte til konsert. Dei siste sjømenn er ein gjeng karar som tolkar og spelar musikk av Johannes Kleppevik, i ei innpakking med flott driv og godt humør. Ungdomshuset var fullt då konserten begynte og karane laga god stemning. Publikum i alle aldrar storkoste seg, og det såg det ut som om bandet gjorde også.

Då vi for heim på seine kvelden var det med eit stort smil om munnen, dette hadde verkeleg vore ein festdag frå ende til annen. Imponerande innsats frå alle! Tusen takk for ein flott dag i Sund!

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s