Offisiell åpning av Kystsogevekene 2012 på Glesvær i Sund

Lørdag 11. august

Offisiell opning av Kystsogevekene 2012 Glesvær i Sund

Ein kystkulturell festdag!
Sund kommune og Stiftinga Kystsogevekene inviterer saman med lokale arrangørar til allsidig aktivitet, underhaldning og impulsar.

Tur og konsert i Bekhilleren
Telavåg/Bekhilleren kl 11.00

Avmarsj frå idrettsplassen i Telavåg med tur til Bekhilderen, ei grotte som berre er tilgjengeleg ved fjøre sjø.
kl 12.15 Konsert med Vivian Steinsland og Marlene Kleppevik i den stemningsfulle naturformasjonen. Etter konserten vert det fiskesuppe om bord i MS Glesnes. Vandring tilbake eller båtskyss om nokon skulle trenge det.

Torgdag på Handelstaden Glesvær kl 12.00

Handelstaden Glesvær har lange tradisjonar med handel, skjenking og sosiale samankomstar. Denne dagen vert det marknad og yrande folkeliv med boder, torgsal og underhalding og god stemning.

Sjøsportsenteret vil tilby aktivitetar på sjøen for dei som ønskjer litt fart og spenning.

For dei spreke skal det også arrangerast  Strilaman sprinttriathlon med start og mål på Glesvær, med løping, sykling og svømming. Desse har eigen påmelding. Sjå meir på strilaman.no

Offisiell opning av Kystsogevekene 2012

Glesvær kl 15.00

Det vert høgtideleg opning av Kystsogevekene 2012 på Glesvær, og det offisielle startskotet for fem veker med kystkultur i 22 kommunar på Vestlandskysten. Det vil då verte talar og ikkje minst kulturelle innslag frå Sund. Statsekretær Kristine Gramstad frå Kyst- og fiskeridepatementet vil stå for den offisielle opninga.

Etter opningshøgtida held marknadsdagen fram og folk kan kose seg med musikk, handel og aktivitetar.

Dei siste sjømenn i Ungdomshuset
Glesvær kl 21. 00

Festdagen vert avslutta med ein konsert av Dei siste sjømenn i Ungdomshuset kl 21.00. Desse sjømennene er av den musikalske arten og vil syngja velkjente songar av Johannes Kleppevik, men arrangert i eiga tapning. Her vert det kule gitarriff og rytmar, melankoli og heimlengt med smerte, havsalt og vante sjømenn.

Ta turen til Glesvær 11. august – ein kystkulturell festdag!

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s