Kystsogeseilas med Loyal

I samband med Kystsogevekene har IKKUS, det interkommunale kultursammarbeidet til dei fire kommunane Øygarden, Fjell, Sund og Askøy fått i stand ein Kystsogeseilas med Loyal. Denne hausten har Loyal vore på kystsogeseilas til denne regionen. Loyal er den praktfulle galeasen som er stasjonert i Forlandsvågen i Sund.

Loyal har vore til stor glede for skuleborn i Sund og i Fjell, i tillegg til å vere på både Periferifestivalen og Langøymarknaden. På Kystsogeseilasen låg galeasen til kais i ein av kommunane ein helgedag og ein vekedag, på helgedagen var det open båt og høve til å komme seg ombord, og det vart lagt opp til forskjellig type arrangement som ramme omkring besøket.

Vekedagen var det tilbod til skuleaklassar om å få seg ein maritim dag ombord i seglskuta. Vi trur ikkje minst at borna fekk ei stor oppleving av å få komme ombord i ei ordentleg seglskute. Dei større borna og skuleelevane fekk også tilbod om maritime aktivitetar som knuteknyting, å lage tau, eller prøve seg å klatre i riggen. Spennande og annleis skuledag eller barnahagedag!

Diverre fekk Loyal motorproblem og måtte vente på ein ny del, slik at dei to siste stoppa på Kystsogeseilasen til Loyal, Strusshamn i Askøy, og Kystmuseet i Øygarden måtte gjerast om. Då var det alt gått invitasjon til ein barnehage frå Askøy, og dei tok då turen til Sund og fekk oppleve seglskuta der. 

Kystsogeseilasen med Loyal var resultat av IKKUS- samarbeidet, og seilasen fekk støtte frå Stiftinga Kystsogevekene.

Du kan også reise med Galeasen Loyal, sjå mer på www.loyal.no

Vi har fått låne nokre bilete frå Kultursjefen i Fjell:

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s