Bronsealderrøysen på Huglo

Søndag 11. september er det Kulturminnedagen, som i år har tema Skjulte skattar – spor i landskap. På Huglo har dei det siste året funne fram til ein slik skatt – ei 3000 år gamal gravrøys frå bronsealderen. På søndag vert det snorklypping og markering på denne gamle røysa.

Vi hadde ein liten generalprøve denne veka, då vi var på tur til Huglo og lånte ut bronsealderklede som skal nyttast denne dagen. Hordamuseet driv formidling av forhistoria og nyttar gjerne klede og utstyr for å levandegjere perioder som ellers kan vere fjerne og vanskeleg å forstå. Espen frå Hordamuseet som også har sydd og laga kleda tok kuren i lag med Kystsogevekene til Huglo skule. Elevar herfrå skal få drakter på seg og vil verte levande utstillingar kring bronsealderrøysen når folk kjem gjennom marka på turstien.

Elevane fekk vite litt om bronsealderen, om kleda, om utstyr, om den viktige ulla. Dei fekk også høyre om forestillingar knytta til solen som heilagdom og symbol som er mykje nytta både i hellerissingar og i smykker. Vi hadde også ein kopi av ei bronsealdersøks med oss. Elevane fekk prøve kleda på seg, og vi fekk ei liten test slik at dei veit korleis desse framandarta plagga skal berast.

På søndag vert det først eit foredrag kl13.00 ved arkeolog og forfattar Bård Gram Økland i Omnshuset, deretter vert det kulturvandring fram til røysa som ligg godt synleg fra leia, og som nok har vorte bytta som seglingsmerke oppigjennom tida. Den er no rydda fram fra kratt og buskar. Gravhaugar er automatisk freda, men denne er rydda i samråd med Fylkeskonservatoren, og vil innan søndag også få utplassert ei informasjonstavle. Ved røysa skal det lagast bronsealdermat i kokegrop, det vert servering av meir nymotens mat som kaffe med nogo attåt.

Det er duka for ei flott dag når den skjulte skatten frå bronsealderen skal synast fram. Hugs gode sko og vasstette klede! Ut på tur!

Arrangørar er LivOGLyst Huglo

www.kystsogevekene.no/program/nivaa2/nivaa3/stord.php

Her er ein liten reportasje som arrangørene har laget fra åpningsdagen huglo.no/2011/09/vellukka-opning-av-kulturminnet/

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s