Kystdagane i Sunde med i Kystsogevekene

Kystdagane på Sunde har alt lange tradisjonar, men nytt av året er at dette arrangementet vert med i den store kystkulturmønstringa Kystsogevekene.

Kystsogevekene femnar 20 kommunar langs kyststripa frå Sveio i sør til Gulen i nord. Kvinnherad er ikkje ein av kommunane som er med i samarbeidet. Stiftinga Kystsogevekene vart difor veldig glade då dei fikk spørsmål frå Stiftinga Sunde Kystkultursenter om å få ta del i mønstringa. Både form, formål og tidspunkt for desse dagane tilseier at dei bør ha ein naturleg og rettmessig plass i ein slik mønstring som Kystsogevekene.

Stiftinga Kystsogevekene håpar at Kystdagarne i Sunde er eit første steg for Kvinnherad inn i Kystsogevekene. Det er alt bana veg for det gjennom styrevedtak om at Kvinnherad kommune er velkommen til å vere med dersom dei ønskjer.

Dersom kommunen sluttar seg til i løpet av hausten/vinteren, vil dette vere ei utviding av Kystsogevekene til å omfatte 21 kommunar. Vi håpar at vi kan få mønstra endå meir kystkultur i Kvinnherad til neste år.

Kystdagane på Sunde skal fremja kystkultur og aktivitetar knyta til sjøen, før og no. Utstillarane er i hovudsak aktørar som har aktivitetar knyta til sjø, eller som formidlar historie og gamal kunnskap knyta til kystkultur.
Dei tilbyr ei innhaldsrik helg med aktivitetar for born, ungdom og vaksne. Det vert båtspikking, forteljarstund med Rune Belsvik, rokonkurranse, Eliasbåtar, kulturvandring, kunstutstilling.

Kveldsarrangement med pub fredagskvelden, og revy og dans på laurdagskvelden.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s