Kulturvandring i Landsbyen i havet – Fedje

Fedje videreførar fjorårets suksess med Kulturvandring i landsbyen i havet. Lørdag 20. august vert publikum inviterte til å ta i bruk heile landsbyen og bli kjent med ulike arenaer og viktige punkt på øya.

Opning vert ved Kvalutsalet ved ordførar. I Pernillekafeen får vi presentert kortreist mat ved lokale kokkar. Smaksprøver av kvalhjarte!

Open dag på Fedje trafikksentral er alltid like spennande. Kom og sjå korleis skipa vert overvåka i heile området opp og ned langs vestlandskysten fra Sognesjøen i nord, til Hjeltefjorden ved Sture i sør, og som omfattar trafikken inn og ut fra Bergen havneområde og den viktige skipsleia inn til Mongstad. Fedje Trafikksentral ligg på øya sin høgaste topp og er bygd på grunnmurane av eit tysk radartårn, det er eit flott utsiktpunkt utover Fedje og Nordsjøen.

I Fedje kyrkje får vi konserten The Emerald Isles – Sanger fra vest med vakker song ved Marianne Juvik Sæbø, og Tove Kragset på piano, Dagrun Gunnarson spelar fløyte og Jan Torry Sande bass.

Seinare på dagen arrangerar Fedje indremisjon tradisjonell basar på Bedehuset med kake, kaffi, åresal og prat.

Dagen vert avslutta med Dans på Holmen Kafe med bandet Scenario.

Dersom du har litt tid imellom til å vandre i Landsbyen ved havet kan du gjere som eg, å sjå etter flotte Dørar på Fedje, eller få andre impulsar i dette særmerkte øysamfunnet.

Program og kart finn du på www.kystsogevekene.no

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s