Bull-familien sin siste kvilestad på Hamre

På Kulturminnedagen 12. september  vart det avduka ein av minneplate etter Ole Bull sine besteforeldre ved Hamre kyrkje.

Gamalt bilete frå Hamre med kyrkjefolket og gamle dampen på kaien

I høve 200-års jubileumet ville Osterøy heidra Ole Bull og hans tilhøyre til Osterøy, ikke berre med sjølve spelet. Bestefaren til Ole Bull, også han med namnet Ole Bornemann Bull, kjøpte garden på Valestrand i 1808, med i kjøpet var det også med ein privat gravstad ved Hamre kyrkje. Gravkammeret var eit lite hus som sto bygt inntil kyrkjeveggen. Bestefar til Ole Bull vart gravlagt her alt i 1802. I 1812 gav bestemora Gidsken Edvardine Storm Bull gravstaden tilbake til kyrkja, under føresetnad av at ho sjølv skulle få gravleggjast ved sida av sin mann. Ho døydde og vart gravlagt her i 1833.

Vi har fått ein liten skildring av arrangementet frå Kristoffer Foldøy som fortalde om den spesielle gravskikken ved Hamre, der ein hadde eit privat gravhus fram til 1869 der sakrestiet no står. Ole Bull sine besteforeldre tok over denne staden og var dei siste som nytta bygget til gravferder, men det er usikkert om også andre i familien fekk kvilestad der. I alle fall blei heile gravhuset rasert og gravene sletta i 1869, då ein bygde om til sakresti. Restane som var der blei nedgravne på kyrkjegarden, men utan merke eller minnestein. 

Ole Bull hadde då flytta frå Osterøy til Lysøen med sin nye, unge kone Sara Thorp. Ole Bull sjølv døydde på Lysøen, og fekk ein storslagen gravferd, hans siste kvilestad er Assistenkirkegården i Bergen.

Hamre kyrkje ligg i eit lite dalsøkk, sentralt i soknet då sjøen var vegen.
Inventrar frå Hamre kyrkje.

Denne dagen vart det avduka ei minneplate på veggen i kyrkja, der ein opna for å frakta kistene gjennom til gravhuset. På plata står det at ein bar kistene til Ole Bull sine besteforeldre gjennom denne veggen då dei skulle få sin siste kvilestad.  

Det møtte opp om lag 25 personar til Hamre sokneråd sitt arrangement.

Dei nye bileta er tatt ved eit anna høve.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s