Kulturvandring i Fitjar

Fitjar kommune har 150-årsjubileum som eigen kommune, og Håkonarspelet er med i denne feiringa. I forkant av spelet vart vi inviterte til kulturvandring i Fitjar med stopp på historiske stader i og nær sentrum.

Kong Håkon den Gode er viktig for Fitjar sin identitet, og Kongen sin gullhjelm er også å finne i kommunevåpenet

Magnar Kloster var førar og loste oss både gjennom historia og fysisk frå Håkonarparken og til andre historiske stader. Vi var ved kongskjelda, vi fekk peikt ut plasseringa av den gamle kyrkja som sto attmad den nye, og vi hadde ein flott tur opp til Rimsvarden, ein bronsealderrøys som ligg høgt og fritt over Fitjar sentrum. Rimsvarden er nyleg rydda fram frå granskog slik at den no kjem til sin rett med utsyn vidt utsyn over Fitjar og innseglingane, her er og kome informasjonsskilt som fortel om røysen og funna som er gjord her.

Kongskjelda er i dag markert med lokk. Mange historiske personar har sett sine føtter her, det er berre er flyktige spor som ikkje er lett å finne att i dag.
Frå Rimsvarden. Denne var eldgamal alt på Kong Håkon sin tid
Utsyn frå Rimsvarden i kveldssol
Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s