Sumarnatta på Lygra

Sumarnatta på Lygra var ein hyllest til Aslaug Låstad Lygre som ville ha vore 100 år i år. Dette vart markert med ein poesifestival for heile familien. Festivalen starta fredag 21. august og varte fram til søndag. 
Styreleiar fekk med seg sjølve opninga og program på fredagen. Han har sendt nokre bilete frå kvelden, då ha mellom anna fekk med seg initiativtakar og prosjektleiar for festivalen, Linda Fosse, si framsyning om livet og diktinga til Aslaug Låstad Lygre.
Linda Fosse som Aslaug Låstad Lygre
Musikalske mareritt og andre lyriske perler for svin. Humor med Jon Hjørnevik & Dagfinn Iversen

Publikum i Lyngheisenteret

 Laurdagen fekk eg sjølv sjansen til å vere med på festivalen. Det var ruskever med mykje vind og trugande regn i lufta. Arrangørane valgte å flytte alle arrangement innandørs. Dei hadde fått låne seg eit stort sirkustelt.

Sirkusteltet under trugande regnverskyer med Bodinibrørne i framkant

Festivalen hadde eit rikt program og mange aktivitetar å by på både for store og små. Publikum var nok litt skremd vekk av veret slik at det diverre ikkje var det yrande folkeliv på Lygra som ein hadde håpa på. Vi som var der fekk likevel oppleve mykje. Mellom anna var det ein forestilling for born, Hadet på badet, om to grisar som ikkje ville bade som vakte stor latter og glede hos mine små som eg hadde med meg, og alle dei andre som var med å fylle amfiet i Lyngheisenteret.

Hadet på badet. Ei fabelaktig morsom forestilling for born

 Frode Skag Storheim hadde ein stikkinnomkonsert i matsalen på Lyngeheisenteret og spela klassisk og vakker musikk for gjestane.

Festivalområdet var pryda med små vakre akvareller påskriven dikt av Låstad Lygre, og teiknaren av desse hadde også maleworkshops for born.

Solveig Serigstad Hauge hadde maleworkshops for born. Ho hadde også laga dei mange akvarellane med dikt av Lygre som hang rundt på festivalområdet

 

Ein av attraksjonane som gjekk føre seg kvar dag under festivalen var dei fantastiske tvillingbrørne Rick og Randy Bodini frå USA som livnærer seg som motorsagkunstnarar. Framfor augene på publikum forvandla dei trestokkar om til skulpturar.

MotorsagkunstEin hagenisse veks fram av stubben
Ørn

Festivalen hadde også fleire poesiforestillingar ma med Mette L. Arnstad Ord over grind om ei anna forfatter, Haldis Moren Vesaas.  I tillegg var det anna diktopplesing, dans og stor konsert med Herborg Kråkevik.

Festivalen avslutta søndag med konsert med Odd Børretzen.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s