Offisiell opning av Kystsogevekene 2010 på Osterøy
14. august kl 16.00 inviterar Stiftinga Kystsogevekene og Osterøy kommune til offisiell opning av Kystsogevekene 2010. Stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter vil stå for den offisielle opninga av Kystsogevekene 2010.
På opningsdagen av Kystsogevekene 2010 hyller vi Ole Bull og tilknytinga hans til heimtraktene. Landskapet, fjorden og folket på Osterøy var viktige inspirasjonskjelder for nasjonalromantikaren Ole Bull. I opningsprogrammet får vi smakebitar får Osterøy sitt kulturliv i eit vidt spekter – det vert folkemusikk, dansemusikk og funk, musikk komponert av Ole Bull i tillegg til ein liten smakebit frå spelet om livet hans. Programmet spegler dualiteten i Ole Bull og i Kystsogevekene – både det tradisjonsrike og det moderne, det folkelege og det profesjonelle. Gjennom musikk og framføringar vil vi få oppleve kultur som har oppstått ved kysten langs fjorden slik det høver seg når det er opning av den store kystkulturmønstringa Kystsogevekene.

Programmet er å finne på nettsidene til www.kystsogevekene.no under Osterøy.
Dersom ein tek heile ettermiddagen på Osterøy kan ein også få med seg det fantstiske spelet Ole Bull – Fossegrimen frå Valestrand, som er ein naturmytisk fabel over Ole Bull sitt liv. Området der Ole sprang rundt i feriane som barn og der han sidan bygde seg ein villa. Meir enn femti aktørar, amatørar og profesjonelle, born og vaksne, vert med på det sceniske. Over tretti musikarar vert involverte i framføringa. Dette vert eit fyrverkeri av ei forestilling, med brudefølgje, folk til fots og folk til hest, hardingfeler og musikk av Ole Bull som til no knapt har vorte framført! www.olebullspelet.no
Fleire bilete frå prøvane finn du her http://www.olebullspelet.no/news/bilder-fraa-proevane