Onarheimsfjorden – eit morgonstev

Eg er så heldig å få tilsendt på mail eit morgonstev omtrent kvar morgon. Den produktive skalden er Gustav Egil Rasmussen som sender underfundige, tankevekkande, kritiske eller humortistiske morgonstev til vener og veners vener, som igjen sender til sine. For nokre dagar sidan kom dette som passar som ein sommarhelsing:

MORGONSTEV  2254

Onarheimsfjorden blank som ein spegel,
ikkje ei «grela» å sjå.
Berre ein færing med gubbe og dorga,
vonar nok lyren å få.

Sauene brækar på bøane rundt her,
lamma spring leikande kring.
Fuglanesongen frå buskar og trea,
og eg gjere ingenting.

Jau; – litt det lyt eg nok gjera,
graset det må eg slå.
Med brølande motor med knivar,
men so kjem freden attpå.

So sit eg i stilla og skuggen,
under ein Apal so grå.
Kan ein då ha det betre,
Sunnhordland er staden då.

Og Sandvikjo ved Onarheimsfjorden,
«Njardarlog» frå gamalt av.
Her lever eg sumardagen,
– ja lukka er god å ha.

Her kan eg leva i stunda,
nyta mitt «livsens sekund».
Og i sumarnatta seine,
eg motvillig tek meg ein blund.

Ha ein lukkeleg sumar,
om det no kom ein «skvett».

Gravfeltet med bautasteinar på Årbakka på Tysnes får vere mitt bilde på Njardarlog denne gongen.
Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s