Jåttutstilling i Flytenaustet på Våge

Tysnes har alltid hatt gode sjømenn og har lange tradisjonar innan seglas. På 1920-30-talet spreidde ryktet om dette gode sjømannskap seg til eit heilt spesielt miljø i USA, nemleg innan yachtsegling. Tysnesingar vart henta over dammen og rekrutterte til kapteinar og mannskap på rike amerikanarar sine Yachtar, eller Jåttar som tysnesingane kalte det.

For å heidra denne stolte og kan hende litt ukjende historia har Vennelaget for Jåttutstillinga på Tysnes no fått i stand nettopp ein Jåttutstilling. Denne vart opna laurdag 26. juni med talar og musikk. Utstillinga står i Flytenaustet i Våge som også fungerar som turistinformasjon, ei glimrande kombinasjon.

Etterpå fekk folk gå ut på det flytande naustet og ta samlinga i augesyn sjølv. Sunnhordland Museum har hjelpt med fagleg innhald, og tysnesingar har bidrege med gjenstandar, bilete og historiar. Det har vorte ei flott utstilling som vil vere open i heile sommar. 

Under Kystsogevekene, den 4. september inviterar venelaget til arrangement i utstillinga om Jåttseglarane frå Tysnes. Då vert det kåseri, gjenhøyr av eit gamalt radiointervju med ein jåttseglar, underhaldning og litt å bite i.

Flytenaustet er Tysnes sin turistinformasjon i Våge
Mange hadde samla seg for å få med seg opninga av Jåttutstillinga
Leiar i Vennelaget Hans Ole Dalland takka for samarbeid med utstillinga
Trubaduren Anders Bakke frå Tysnes hadde laga eigen song om jåttseglarane

Bornebornet av ein av dei mest kjende jåttskipparane Engel Vaage ber same namn som bestefaren. Han fortalte historiar frå oppveksten i skuggen bestefar sin.

Engel Vaage, den kjente jåttskipparen som rekrutterte mykje mannskap på Tysnes til båten han førde i USA
Inni flytenauset var det mange flotte gamle bilete og gjenstandar og store plansjar som fortalde denne særeigne historia.

Flytenaustet ligg faktisk og flyt i båthamna i Våge. Dette gamle naustet tilhøyrde Engel Vaage, ein av dei mest kjende jåttseglarane.
Ein annan kjent jåttseglar som tydelegvis har vore mannskap på ein jått som heitte Mayflower
Utstillinga har også ei saming av gjenstandar som er laga av jåttseglarar i fritida

Staselege uniformar frå praktfulle jåttar

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s