Programmet for opningsdagen

Her er forsida på det trykte programmet.
Det trykte programmet for opningsdagen på Valestrand er ferdig trykt og klart. Det vart flott, og det blir eit kjekt program den dagen, vi får både tradisjonell og moderne kulturelle innslag, eit program som vert opninga av Kystsogevekene 2010 verdig.

Offisiell opning av Kystsogevekene 2010 på Osterøy

14. august kl 16.00 inviterar Stiftinga Kystsogevekene og Osterøy kommune til offisiell opning av Kystsogevekene 2010. Stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter vil stå for den offisielle opninga av Kystsogevekene 2010.

På opningsdagen av Kystsogevekene 2010 hyller vi Ole Bull og tilknytinga hans til heimtraktene. Landskapet, fjorden og folket på Osterøy var viktige inspirasjonskjelder for nasjonalromantikaren Ole Bull. I opningsprogrammet får vi smakebitar får Osterøy sitt kulturliv i eit vidt spekter – det vert folkemusikk, dansemusikk og funk, musikk komponert av Ole Bull i tillegg til ein liten smakebit frå spelet om livet hans. Programmet spegler dualiteten i Ole Bull og i Kystsogevekene – både det tradisjonsrike og det moderne, det folkelege og det profesjonelle. Gjennom musikk og framføringar vil vi få oppleve kultur som har oppstått ved kysten langs fjorden slik det høver seg når det er opning av den store kystkulturmønstringa Kystsogevekene.

Programmet er å finne på nettsidene til www.kystsogevekene.no under Osterøy.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s