Takk for meg!

Etter 10 år som dagleg leiar av Stiftinga Kystsogevekene er det tid for meg å setje kursen mot andre oppgåver. Eg takkar alle arrangørar som har stått på i alle desse åra for å gje publikum gode kystkulturopplevingar. 

Eg har fått oppleve svært mange arrangement, og vorte kjent med mange små og store stader i heile kystregionen som er med i Kystkulturmønstringa, frå Sveio i sør til Gulen i nord.

Eg har vore med på båtturar, marknader, føredrag, konsertar, utstillingar, familiedagar, revyar, padleturar, sogespel, festivalar og vandringar og mykje, mykje meir.

Eg har fått med meg alt frå små og koselege forestillingar og konsertar, til store festivalar med hundrevis av besøkande – og mykje midt i mellom.

Eg har vore utruleg priviligert å få sjå og oppleve eit stort engasjement for lokalsamfunna rundt om i regionen. Det er særs mange flotte folk som står på for å vise fram noko dei er stolte av, og som dei vil dele med andre. Saman med utruleg mange glade menneske har eg fått vere med på alt det flotte og kjekke som har vore stelt i stand rundtom.

Alle stader har noko å vere stolt av, alle har sitt særpreg, og alle har desse viktige eldsjelene og gruppene av frivillige lag og organisasjonar som står på for å gje oss gode opplevingar.

Eg takkar alle eg har hatt kontakt med oppgjennom åra, alle de som jobber med kultur i kommunane, arbeidsgrupper for kystsogearrangement  og festivalar, utstillarar, kystlag, artister, lag og organisasjonar, gallerister og alle andre.

Tusen takk for at eg har fått ta del i så mange gode opplevingar i så mange flotte lokalsamfunn!

Eg takkar for meg, og overlet roret til ein ny skippar som skal styre flåten av gode kystsogearrangement vidare!

Lykke til vidare, og stå på for kystkulturen!

Beste helsing
Lena Eikeland Kutschera
avtroppande dagleg leiar
Stiftinga Kystsogevekene

Advertisements

Stiftinga Kystsogevekene søkjer ny dagleg leiar

Vi kan tilby ei spennande og utviklande stilling i Stiftinga Kystsogevekene som er overbygging over kystkulturarrangement i 22 kommunar på Vestlandet. Dagleg leiar har ansvar for å utvikle kystkulturtilbod i regionen, samt å koordinere og marknadsføre den store kystkulturmønstringa.

Stillinga inneber utstrakt kontakt med lokale arrangørar og kontaktpersonar i kommunar og institusjonar, frivillige lag og organisasjonar.

Utarbeiding av både trykt program og nettsider, samt handtering av digitale media er ein del av oppgåvene. Dagleg leiar har også ansvar for den daglege drifta av stiftinga med økonomi, drift og arbeid opp mot styre og representantskap.

Stiftinga Kystsogevekene har ein person tilsett fast på heiltid, og leiger rekneskapstenester.

Ansvarsområder:

  • Utvikle, samle inn og gjere program for den årlege kystkulturmønstringa tilgjengeleg, både trykt og på nett
  • Utvikle kystkulturtilbod og vere fagleg instans for lokale arrangørar
  • Kontakt med frivillige, lag, organisasjonar, institusjonar og det offentlege
  • Søke sponsormidlar
  • Drifte nettsider, blogg og andre sosiale media
  • Dagleg drift av stiftinga og kulturmønstringa

Utdanning og erfaring:

  • Høgare utdanning i kulturhistoriske- eller samfunnsvitskaplege fag, eller relevant erfaring
  • Nettarbeid og bruk av digitale publiseringsverktøy
  • Fotografering
  • Førarkort

Eigenskaper:

  • Strukturert og systematisk
  • God relasjonskompetanse
  • Engasjement for kystkultur
  • Nytenkjande og kreativ

Tiltreding snarast råd. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Fast stilling i 100%. Prøvetid. Lønn i høve avtale. Pensjonsordning i Storebrand.

Opplysningar om stillinga fåast ved å vende seg til dagleg leiar kystsogevekene@hfk.no eller på telefon 91712961, eller til styreleiar Børge Haugetun. Søknad med CV og referansar sendast til kystsogevekene@hfk.no eller post Stiftinga Kystsogevekene, postboks 7900, 5020 Bergen.

Frist 12. desember 2016.

Attester og vitnemål skal sendast etter nærmare oppmoding.

Om arbeidsgjevaren

Stiftinga Kystsogevekene er ei ikkje næringsdrivande stifting, med føremål å stimulere og virke som pådrivar og fagleg instans for utvikling av kystkulturtilbod og koordinering av årlege kystsogeveker i Hordaland og Gulen.

Stiftinga Kystsogevekene har eit styre på fem personar frå heile regionen, og eit representantskap med medlem frå alle de 22 kommunane som er med i mønstringa.

Kystsogevekene er ei årleg mønstring av kystkultur som går føre seg i fem veker kvart år på haustparten, i august og september. Det første Kystsogevekene vart arrangert  i 1997, og vi opplever framleis stor interesse og glede over kystkulturen i mange lokalsamfunn. Kystsogevekene er synleg i regionen, og kan virke som ein samlande instans som er positiv for fellesskapskjensla også i Vestlandsregionen. Kystsogevekene omfattar 22 kommunar langs heile Vestlandskysten, frå Sveio i sør og like til Gulen i Sogn og Fjordane i nord.

Utlysinga ligg også i NAV sin stillingsbase.

Foto: Kari Vik
Er du Stiftinga Kystsogevekene sin nye daglege leiar?

Julekalender i desember

Tradisjonen tru også i Kystsogevekene, er desember kalendertid.

Som tidlegare år vil Kystsogevekene presentere gjensyn med bilete frå mange av dei flotte opplevingane vi fekk i året som gjekk. Kvar dag i desember fram mot julaftan legg vi ut eit nytt bilete på Facebooksidene til Kystsogevekene frå eit av arrangementa under Kystsogevekene 2016.

Vi vert glade om du kommenterar dersom du kjenner deg igjen, har minne frå dette arrangementet, eller denne staden. 

Alle som er likar eller kommenterar, er med i trekninga av ein liten premie, og dei som kommenterar får fleire «lodd» i trekninga, og har dermed større sjanse for å vinne.

Utfordringa vert om du kan finne ut kva for arrangement, og i kva for ein kommune bilete viser. Det er også lagt inn velkjende båter med spørsmål om heimehamna.  Julekalenderen er ein hyggeleg måte å minnast fine seinsommardagar.

Kjenner du deg igjen? 

Vinnaren vert kontakta like etter nyttår.

God førjulstid!

julelogo-skygge

Vinneren av årets julekalender er no trekt, og vinnaren var mellom dei som hadde likt og kommentert biletet som vart lagt ut 10. desember. 10-desember

Det var ganske mange som kjente seg igjen i Kulleseidkanalen, og biletet frå Kanaldagane på Bømlo.

Vinnaren var Lasse Bærøy, han får tilsendt ei flott bok:

Fjorden var vegen: fotopioneren Anders Paulsson Wallevik
Forfattar: Elisabet Vallevik Engelstad

Anders Paulsson Wallevik (1874-1965) er odelsguten frå Hardanger som vart fotopioner og visuell historieforteljar av nasjonal rang. Han etterlet seg ei fotosamling på mellom tre og fire tusen glasplater, for det meste fotograferte mellom 1905 og 1940. Boka dokumenterer hendingar og tilstandar frå ei tid då fjorden framleis var vegen for mange, om livet på sjø og land, om kommunikasjon og om handelssamband fra Vestlandet og heilt opp til det nørste nord. Wallevik kjende mange av sine fotoobjekt – han var både deltaker og tilskodar. Dette gir bileta ofte eit svært personleg uttrykk.

Gratulerer til Lasse Bærøy!

Nordanger gardsmuseum på Radøy

Nordanger gardsmuseum var siste arrangement ut i dei 20. kystsogevekene, Kystsogevekene 2016, 18. september var den gamle skulestova open.

Etter eit besøk på Radøy ridesenter gjekk turen videre frå Mangerområdet til Nordanger. Langs Radøyvegen ligg to generasjonar nedlagde Gamle Nordanger skule, den nyaste er i dag Nordanger grendahus, medan den litle kvite stova er Nordanger gardsmuseum.

Nordanger gardsmuseum er i den gamle skulen som opprinneleg vart bygd ein annan stad på Nordanger i 1864, men vart flytta dit den står i dag i 1884. Den vart då også utvida med kammers og loft som bustad for læraren.

I 1912 vart skulen nedlagt og bygninga vart brukt som bedehus fram til 1980, og det sto etter det tomt og til nedfalls fram til 1998.

Noværande eigar Johannes B. Birkeland overtok huset av kommunen i 1998, og har sidan det sett det i stand, og samla inn ei rekkje gjenstander knytt til skule, kvardagsliv, fiske, skomaking, bedehusliv og mykje anna.

Vi hadde ein fin oppleving, og fekk ein lang prat med eigaren, som fortalte oss om historien til bygningen, om gamle dagar, om ulike gjenstansgrupper og gav oss mykje lærdom.

Kvar einaste gjenstand i det litle, men fulle huset har si fortelling, og her kan ein nytte rikeleg med tid, og her er mykje å lære. Tusen takk for oss!

Hester og høns på Radøy ridesenter

På Kystsogevekene sin siste dag i år var det Åpen gård på Radøy ridesenter på Søndre Solend ikkje langt frå Manger. 

På Radøy ridesenter er det både hestar, hunder, høner og kaniner. Gjennom året har dei rideskole tre kvelder i veka, og tilbyr også enkelttimer, tilrettelagt riding, turar, helgekurs og rideleir med og uten overnatting – og dei har Åpen gård i blant. Rideskulen har hatt open gard fleire år i Kystsogevekene, det var kjekt å endeleg få tatt turen, og sjå og oppleve garden sjølv.

Dagleg leiar hadde som ho så ofte har, med seg delar av familien på arrangementa. Dette er særleg kjekt og nyttig dersom ein skal på eit familiearrangement, og det er aktivitetar og opplevingar for barn, då kan ein ta del i arrangementet slik andre er med, og kan få utbytte og nytte av det slik som publikum har. Niåringen er etterkvart ein rutinert deltakar på Kystsogearrangement, og likte tanken på å vere med å sjå og kan hende få ride på hest. Det var litt skummelt i starten, for hesten er stor, men etter ein stund til å tenke og mote seg opp var han klar – og det vart stas!

Det hadde vore litt ujamnt med folk på besøk på garden denne dagen, det brukte også å variere frå år til år. Då vi var det mot slutten av opningstida var det berre nokre få andre som også ville ride, men Radøy ridesenter sine egne bilder fra åpen dag i september viser at det også var ein god del folk der gjennom dagen.

Etter ein liten ridetur på bana fekk vi ein hyggeleg prat med vertskapet og smakte både på vaflar med syltetøy og heimelaga saft. Vi måtte sjølvsagt også helse på hunden på garden, og ta ein kikk på dei flotte og fargerike hønene.

Tusen takk for oss!

Utstilling på Vedholmen Galleri

Vedholmen Galleri ligg i Søre Øyane, i Røttingavegen 23, på Lepsøy. Kvart år brukar det å vere ei utstilling i løpet av Kystsogevekene. I 2016 var det seperatutstillinga Periskop med Line Hvoslef sine måleri.

Nå er Kystsogevekene for lengst over, men vi var innom heilt i slutten av utstillingsperioden til Periskop. Her vart vi godt tatt i mot av Vibeke Harild som står bak galleriet.

Vedholmen Galleri har fått ny galleributikk og har kunstutsal, i tillegg til ei rekkje utstillingar i løpet av året, dei har

No er det straks slutt for utstillinga Oppspenn med separatutstilling med skulpturer/mobiler av Reinhard Haverkamp som etterfulgte Line Hvoslef sin Periskop.

Laurdag 5. november er det klart for Kollektiv juleutstilling med galleriets eigne kunstnarar innen måleri, grafikk, skulptur og keramikk samt gjestekunstner Zeljko Uremovic, Kroatia, som viser ei separatutstilling med måleri i intimgalleriet. Her kan du kjøpe vakre og særprega julegåver, og samtidig få ein flott tur i vakkert omland i Søre Øyane i Os.

Pressedekning av utstillinga på Vedholmen Galleri:
www.midtsiden.no/hvoslef-tilbake-pa-vedholmen
osogfusa.no/maritim-verdspremiere-pa-vedholmen-galleri

Kommande program i galleriet 

Kvalfangst i Sveio

Søndag 11. september inviterte Sveio kystlag til temadag om Kvalfangst i Kysttunet ved Auklandshamn. 

Sveio kystlag brukar å vere aktive samarbeidspartnarar for arrangement i Sveio i Kystsogevekene, men denne gongen ønskte dei å gjere noko sjølv også. Tema Kvalfangt engasjerer mange i kystlaget, og dei er kjent for å ha kvalkjøtt med når dei deltek på arrangement.

Sjølvsagt var det kvalkjøt med i bildet på dette arrangementet også – midt i tida søndagsmiddagen, og då vart det kvalgryte, sjølvsagt! Eg rakk akkurat tidsnok til  å meg ei tallerk med den deilige kvalgryta som Sveio kystlag hadde laga. Etterpå var det også sjølvsagt tradisjonell plommekompott til dessert, og kaffi med kaffimat.

Det er ikkje fleire aktive kvalskuter igjen i Sveio, og fast leverandør av kvalkjøt til Sveio kystlag er kvalfangaren frå Fedje, Oddvar Nilsen Husa, som også vart invitert til Sveio og for å fortelje litt om kvalfangst, og det å vere kvalfangar også gjennom ei tid med mykje internasjonal motstand. Oddvar Husa var første gong ute på fangst i 1958.  Han har fangsta i Barentshavet, Jan Mayen, Aust-Grønland, felta rundt Shetland/Orknøyane og i Nordsjøen. Her fekk vi artige anekdoter og fortelling om dramatikk og kvalfangtmotstandarar.

Etter Oddvar Husa sitt innlegg fekk vi sjå film frå då ein av dei lokale kvalfangarane var med på kvalfangst med Husa sin båt, for mange år sidan. Då fekk vi sjå levande bilete frå korleis fangsten gjekk føre seg, og fortelling og forklaring på kva vi såg – spennande og interessant!

Det var også tid til å ta seg ein runde opp for å sjå kystlaget si biletutstilling av lokale båtar, og få høyre litt og prate litt omkring desse. Mange hadde kjenskap til forskjellige båtar og mannskap, og praten gjekk livleg.

I kjellaren har kystlaget ein samlig gjenstandar, som ei museumssamling av forskjellig som er knytt både til fiske og kvardagsliv. Vi fekk sjå oss omkring der.

Tusen takk til alle i Sveio kystlag for ein kjekk, interessant og lærerik temadag om kvalfangst! Kjekt å sjå lokala dykkar!

Les meri om Kvalfangst i Kyst-Norge
Sveio kystlag sin facebookpost om arrangementet

Kystkultur – tradisjon og utvikling…